Snöball vann nordisk språkkonkurranse

I vinter lyste Nordisk Ministerråd ut ein konkurranse om å utvikle gode språkverktøy for å auke forståinga av svensk, dansk og norsk hjå born og unge.
Det kom inn 45 bidrag og Snöball var ein av to vinnarar! Forutan heider og ære får Snöball 250 000 DKK til å utvikle vinnarideen om den filmbaserte nettstaden nordiskesprak.net

Tysdag 1. november var det høgtideleg utdeling av diplom og blomar til dei to vinnarane, Snöball Film og Föreningarna Nordens Förbund, i Københamn. I vurderinga frå juryen står det om Snöball-forslaget:

«Forslaget er bygget op omkring filmmediet, et filmbaseret netsted, som i høj grad appellerer til børn og unge. De korte film udarbejdes med og for unge fra forskellige lande. Det særligt interessant ved forslaget er, at det vil kunne bidrage til at styrke børn og unges lytteforståelse, altså forståelse af talt dansk, norsk og svensk; et forhold, som den store internordiske sprogundersøkelse fra 2005 påpegede som en af de største udfordringer i det nordiske sprogfælleskab.»

Utviklinga av nettstaden og filmane om dansk, svensk og norsk vil ta til neste år.

Knut og mini-Snöball Tryggve tek imot prisen frå leiar av vurderingspanelet, Jørn Lund, mangeårig direktør for Det Danske Sprog- og Litteraturselskab.